Fyller kultursalen med politikk

Førstkomande torsdag blir det kommunestyremøte i kultursalen på Sjøborg kulturhus. (arkivfoto)  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Førstkomande torsdag, 28. mai, skal Ulstein kommunestyre ha sitt første fysiske møte sidan 13. februar.

Smittefaren for koronaviruset har gjort at dei fleste politiske møte har blitt gjennomført som videomøte denne våren. Men tidlegare denne veka møttest Ulstein formannskap til møte i kommunestyresalen på rådhuset. Dei politiske utvala i Ulstein hadde møta sine på kommunestyresalen førre veke.

No skal også kommunestyret treffe kvarandre fysisk, men kommunestyresalen blir for liten til å gjennomføre møtet med nok avstand til møtedeltakarane, så møtet blir lagt til Sjøborg kulturhus.

Amfiet blir skuve bak, så vil dei setje stolar og bord utover i salen, med høveleg avstand mellom plassane.

Svein Arne Orvik, leiar for demokrati og kommunikasjon i Ulstein kommune, fortel at det vil bli eit avgrensa tal på stolar for tilskodarar. Dette for at det førebels ikkje er lov til å samle så mange i eit rom. Men møtet vil bli filma og strøyma til Facebook-sida til kommunen, så der kan alle som vil følgje med.

Ordførar Knut Erik Engh ser fram til å treffe kommunestyret igjen.

- Det trur eg blir kjekt. Eg trur alle har fått kvota vår med videomøte, så dette ser eg fram til.