Andreasgarden

Vil vise folk at Flø kan vere ein god stad å vere

På Andreasgarden gjestetun vil Oddbjørg Vartdal og Lasse Holstad ta imot grupper og tilby lokal kultur og kortreist mat.

Velkomen: Frå midten av juli er Lasse Holstad og Oddbjørg Vartdal klare til å ta imot gjester på Andreasgarden. Hit kan folk kome køyrande, eller kanskje dei kan parkere på Gåsneset og gå eller sykle langs Larsstien. Oddbjørg har ein draum om at det på Gåsneset kan stå eitblått skilt som seier «Velkomen til sykkelbygda Flø». Alle foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Oddbjørg og Lasse har budd i Andreasgarden sidan 1987 og er full av gode historier. Dei har mykje kunnskap om den lokale historia, og er gode formidlarar.