Eiksundstranda kan bli statleg sikra friluftsområde

Eiksundstranda  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Ulstein kommune har søkt Miljødirektoratet om statleg sikring av Eiksundstranda. Saka har også vore innom Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Miljødirektoratet svarer Ulstein kommune at søknaden fyller kriteria for omgjering av Eiksundstranda til statleg sikra friluftslivsområde.

Eiksundstranda er om lag 11 daa, er regulert til friområde og ligg i tettstaden Eiksund, ved Eiksundsambandet. Området er i fylgje søknaden attraktivt for båt- og padleaktivitet og har gode tilkomst- og parkeringsmoglegheiter. Det er eigna både for lokal bruk og tilreisande. Det er noko tilrettelagt, mellom anna med strandvolleyområde.

Ulstein kommune grunngir søknaden sin om statleg sikring ut ifrå potensial for meir bruk, og at det er behov for utbetra/meir tilrettelegging.

Møre og Romsdal fylkeskommune tilrår også at området blir statleg sikra. Dei legg vekt på at området blir nytta både av lokale og tilreisande, og at det er eit viktig område med stort potensial.

Miljødirektoratet støttar dei vurderingane som er gjort.

Om stranda blir omgjort til statleg sikra friluftsområde kan eigedomen ikkje kan nyttast til anna enn friluftslivsføremål for ålmenta utan samtykke frå staten. Det er framleis kommunen som må betale utgifter som gjeld drift.