Ingen ny koronasmitte i Ulstein

Nyhende

Fredag kveld er det fleire som har kontakta redaksjonen i Vikebladet Vestposten med spørsmål om ny koronasmitte i Ulstein kommune. Dette fordi VG si oversikt viser to nye tilfelle fredag.

Vikebladet Vestposten har vore i kontakt med kommuneoverlegen i Ulstein, som etter å ha konferert med sine kjelder konkluderer med at det ikkje er påvist ny smitte i kommunen. Seinast torsdag kom det svar på 31 prøver tatt denne veka, der alle var negative.



I Ulstein kommune si oversikt er det ikkje påvist nye smittetilfelle av koronaviruset sidan byrjinga av april. Ulstein kommune har sjølve registrert ni tilfelle i kommunen. På Folkehelseinstituttet til MSIS-register er kommunen registrert med 11 tilfelle, men heller ikkje der er det registrert tilfelle sidan april. I VG si oversikt er det også registrert 11 smitta tilfelle. Det samsvarer med MSIS-registeret, men ikkje opplysningane om to nye tilfelle fredag. Samstundes er ikkje oversikta til VG feilfri, då dei mellom anna ikkje har fått med dei to siste stadfesta tilfella i Ørsta kommune.