Mistenkt for ruskøyring

Nyhende

Fredag føremiddag stoppa politiet ein bilførar i Ulsteinvik sentrum. Politiet mistenkte at mannen i 20-åra køyrde bil under ruspåverknad og han blir framstilt for blodprøve og avhøyr.

Politiet informerer om at dei drog inn førarkortet til bilføraren.