Trur på ny aktivitet ved Kleven

Ordførar Knut Erik Engh i Ulstein kommune har håp om ny aktivitet ved Kleven, etter at verftet blei slått konkurs fredag.  

Nyhende

Fredag føremiddag kom den triste, men ikkje uventa, beskjeden om at Kleven Verft og to underselskap er konkurs. Ulstein-ordførar Knut Erik Engh har denne veka vore i møte med DIV Group-sjefen Tomislav Debeljak og seier at det vart greitt at ein no fekk ei avklaring.