Ber sjåfør ta kontakt etter skade på vindauge

I løpet av helga vart det skade på eit vindauge på Sundgot Bedehus som følgje av sladding på parkeringsplassen. Bedehuset håpar dei ansvarlege tek kontakt for å ordne opp. 

Nyhende

Sist helg har det blitt sladda med bil på parkeringsplassen utanfor Sundgot Bedehus. Sladdinga har medført ein del steinsprut og det gjekk mellom anna utover eitt vindauge i bygget.

Steinar Torvik, formann i styret for Sundgot Bedehus, fortel at han ikkje trur det har vore meininga å knuse vindauget, men at denne typen spinning like ved ein vegg med vindauge lett kan føre til steinsprut og skader.

Det ligg framleis att småstein og grus under vindauga på bedehuset etter sladdinga.  

– Vi prøver å halde huset i stand slik at det kan brukast til frivillig lag og foreiningsarbeid, private samlingar som til dømes barnedåp, konfirmasjon, gravferd og andre selskap, og då er det kjipt å måtte bruke innsamla pengar til reparasjon av slike skadetilfelle, seier Torvik.

Skade på vindauge som følgje av steinsprut etter sladding med bil.  

Han legg til at ein håpar å sleppe innblanding av politiet etter ruteknusinga.

– Eg håpar no at den eller dei som står bak dette vil ta ansvar og kontakte meg, så vi kan få ordna opp i dette på ein grei måte, seier Torvik.

I løpet av helga vart eit vindauge på Sundgot Bedehus skadd som følgje av spinning med bil på parkeringsplassen.