Mange testar seg

Nyhende

Både i Hareid og Ulstein er det framleis mange som testar seg for koronasmitte.

Sist veke var 43 personar innom Ulstein legesenter for å ta test.

I Hareid har 25 personar testa seg den siste veke.

Alle testane i begge kommunane er negative. Det vil seie at ingen har fått påvist Covid-19-viruset.