Kontrollerte automatisk brannalarm i Sjøgata

Nyhende

Hareid og Ulstein brannvesen rykte søndag føremiddag ut til ein automatisk brannalarm i Sjøgata i Ulsteinvik. Ifølgje 110-sentralen viste det seg at alarmen gjekk av som følgje av ein teknisk feil på anlegget.

Brannvesenet stilte tilbake anlegget og returnerte til stasjonen.