Den nye brannstasjonen

Den nye brannstasjonen i Ulsteinvik rommar trimrom, garderobar, vaskerom, kontor, møterom og garasje og vaskehall.

sett frå aust: Kontora blir lagt i andreetasjen, der dei får best utsyn og oversikt. Foto: Sporstøl Arkitekter 

Nyhende

Det er Sporstøl arkitekter som har teikna den nye brannstasjonen, som no skal stette krava frå Arbeidstilsynet. Det er separate dusjar og garderobar for kvinner og menn, og det er både fingarderobe og grovgarderobe. Garderobane er i førsteetasjen, og kontora i andreetasjen. For å spare areal og pengar er pauserom og møterom slått saman.