Hareide ønskjer innspel til Nasjonal transportplan

  Foto: Torbjørn Tandberg

Nyhende

Samferdselsminister Knut Arild Hareide reiser i august rundt for å få prate med næringsliv, fylke og storbyar om ny Nasjonal transportplan.

Arbeidet med ny Nasjonal transportplan 2022-2033 er i full gang, og blir lagt fram på våren 2021.

– Trygg og effektiv transport skapar verdiar og lar oss ta heile landet i bruk. Ny NTP skal gje oss meir transport for pengane og styre planlegging og utbygging i riktig retning, slik at transport også blir ein viktig del av klimaløysingane. Regjeringa fortsett å reformere og effektivisere transportsektoren. Vi tar dei viktige grepa som sikrar at ny teknologi gir oss betre og billegare løysingar og ein betre transportkvardag for folk og næringsliv, seier samferdselsministeren i ei pressemelding.

Tysdag 18. august kjem han til Ålesund. Temaet for møtet er Møre og Romsdal, Trøndelag og Trondheim. Programmet for denne dagen er førebels ikkje klart.