Korona

Vil teste fleire

Frå neste veke vil det vere mogleg å teste seg kvar kvardag i Hareid og Ulstein.

Bilkø: Teknisk etat har tenkt ut kvar bilkøa til garasjen på Ulstein legesenter bør gå. Det vil kome opp skilt som viser kvar køa skal gå. Folk som skal teste seg bør ikkje møte opp i god tid, men mest mogleg presis til timen for å unngå lange køer. Teikning: Odd Kåre Wiik, teknisk etat i Ulstein kommune. 

Nyhende

Kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde fortel at Ulstein legesenter druknar i telefonar frå innbyggjarar som lurer på om dei bør teste seg. Det byrjar bli kaldare i lufta, og fleire har forkjølingssymptom, som er omtrent dei same som for koronaviruset.