Fylkeskommunen vil bli betre på samarbeid

Fylkeskommunalt besøk: Konsernsjef i Ulstein Group, Gunvor Ulstein, møtte fredag fylkesvaraordførar Per Vidar Kjølmoen og Marit Nerås Krogsæter (Sp) som er leiar for Kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Nyhende

– Å leve i ei omskifteleg tid treng ikkje vere ein trugsel, det kan også vere eit høve til nye sjansar, sa fylkesvaraordførar Per Vidar Kjølmoen då han gjesta Ulstein Group sist fredag.