Greidde ikkje slå verdsrekorden

Det vart diverre ikkje verdskord på Karsten Warholm i kveld på 400 meter hekk, men dei andre konkurrentane kunne ikkje måle seg med han.   Foto: (AP Photo/Petr David Josek)

Nyhende

Karsten Warholm vann leikande lett over dei andre konkurrentane i kveld i Golden Spike-stemnet i den tsjekkiske byen Ostrava. Han var eit hav framfor dei andre heile vegen.



Men målet til favoritten var å slå verdsrekorden frå 1992 på 46,78 sekund. Warholm sin personlege rekord, og beste denne sesongen var berre ni hundredelar unna: 46,87.

Karsten Warholm sprang i kveld inn på 47,63 sekund, og verka skuffa sjølv. Som sportskommentatorane sa er det heilt utruleg at ein skal bli småskuffa for at han ikkje set ny rekord, for tida er god. Ho er sju tidelar raskare enn då han vart verdsmeister i London i 2017.

- Det verkar som han datt litt ut av rytmen, kommenterte Jann Post.

Noko som kan ha øydelagt for verdsrekordforsøket var ein tjuvstart. Warholm sprang fort av garde og hadde nesten kome til første hekken før han forstod at han måtte snu og starte på nytt.