Skateparken

– Dette er berre trist

– Eg visste ingen ting om at skateparken skulle flyttast før eg las det i avisa, seier Odin Mathias Mork, leiar i Skateklubben. Og då han oppdaga at delar av skateparken alt er flytta, og øydelagt, vart han rimeleg oppgitt.

Frustrerte: Audun Hopland, Odin Mathias Mork og Aurora Dimmen Bratli er frustrerte over at vaksne har teke seg til rette på dette viset, utan å ta med ungdomane på råd. Railen (til venstre i biletet) er saga av og var slengt bak nokre søppeldunkar. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Odin Mathias Mork var ein særs aktiv pådrivar for at skateklubben vart opna for seks år sidan. Han står framleis formelt som leiar i klubben, men visste ikkje noko om at det var snakk om å flytte skateklubben frå Vikholmen før han las det i Vikebladet Vestposten.