Vann klart i Berlin

Karsten Warholm of Norway reacts after winning the Men's 400m Hurdles event of the 79th ISTAF (Internationales Stadionfest) international athletics meeting on September 13, 2020 at the Olympic Stadium in Berlin. (Photo by Odd ANDERSEN / AFP)  Foto: ODD ANDERSEN

Nyhende

Karsten Warholm presterte nok eit fantastisk løp, då han søndag sprang inn til 47,08 under ISTAF-stemnet på Olympiastadion i Berlin.

Han låg langt framfor konkurrentane, og sprang eit godt løp. Men han greidde ikkje springe under verdsrekorden frå 1992 på 46,78 sekund. Han slo heller ikkje den personlege rekorden sin på 46,87 sekund.

Men kom i mål på 47,08 sekund.

Då Karsten Warholm tidlegare i veka prøvde å setje ny rekord i Ostrava, var han tydeleg skuffa då han kom i mål og såg tida. Denne reaksjonen tok han etterpå eit oppgjer med.


Warholm sitt løp er det niande raskaste på 400 meter hekk gjennom alle tider og Warholm er no den med flest tider under 47,10. Allereie torsdag kan 24-åringen gjere eit nytt forsøk. Då er han på startlista til Diamond League-stemnet i Roma.