Varaordførar Stian Lehmann Scheide svarer på skatepark-kritikken:

– Uheldig utvikling i saka

Quarterpipen som høyrer til skateparken på Vikholmen blir no reparert, og Ulstein kommune beklagar overfor skateklubben, men også Stiftelsen Vikholmen – som dei meiner har fått ufortent mykje kritikk.

Reparerer rampa: Her held Terje Refsnes frå Ulsteinvik Småbåtlag eit røyr på plass, medan Tormod Hegvik i Stiftelsen Vikholmen festar det. I bakgrunnen ser ein kommunalsjef Arne Runar Vik (f.v.) og varaordførar Stian Lehmann Scheide, som inspiserer arbeidet.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Saka om flyttinga av skateparken frå Vikholmen har engasjert svært mange i lokalsamfunnet i Ulstein dei siste dagane – og debatten har rasa i sosiale media.