Startar eige firma

Kjærasteparet Ninni Christin Køso (21) og Andreas Garnes Nilsen (23) tenkjer internasjonalt når dei no startar eit eige firma.

Andreas Garnes Nilsen (23) frå Garnes og Ninni Køso (21) frå Ulsteinvik startar eige firma. På bracefitness.com skal dei selje trenings- og kosthaldsråd. Begge har personleg trenar-utdanning. Foto: Linda Eikrem 

Mange er usikre og treng hjelp til kva øvingar dei skal gjere for å nå måla sine

Nyhende

– Vi har jobba mykje med dette, og så vil vi nå ut til eit stort publikum. Difor står alt på engelsk, fortel dei to om firmaet dei har starta saman: Bracefitness. Via ei nettside skal dei selje trenings- og kosthaldsråd, og dei ser føre seg kundar over heile verda.