Konfirmasjon i Ulstein

– Ungdomane har lært noko viktig i koronatida

Dei to siste helgene her det vore gjennomført til saman åtte konfirmasjonsgudstenester i Ulstein kyrkja. Og med det er også Ulstein sokn i mål med årets konfirmasjon.

Konfirmasjon: Spente konfirmantar ventar i våpenhuset, på terskelen til konfirmasjonsdagen og resten av livet. Foto: Andreas Sundgot 

Nyhende

Fungerande sokneprest, Jørgen Skogestad Kleiven, sa i talen sin til konfirmantane at ungdomane dette året har fått viktig kunnskap, som mange vaksne bruker heile livet på å få. Det er at ting plutseleg kan endre seg. Livet kan bli snudd på hovudet. Draumar kan gå i knus.