«Til jord skal du bli ...»

I snart atten år har Bjarte Sunde (66) ordna nye graver ved Hareid kyrkje.

grev: Bjarte Sunde (66) er kyrkjetenar i Hareid sokn. Ei av arbeidsoppgåvene hans er å grave nye graver. – Det er viktig å gjere det skikkeleg, slik at kantane blir rette og at det ser fint ut rundt grava, seier han. Foto: Linda Eikrem 

Nyhende

– Eg har rekna ut at det har vorte rundt sju hundre graver i løpet av desse åra, fortel 66-åringen. Bygningsmannen er opphavleg frå Stranda, men har budd på Hareid i førti år.