Omkom i trafikkulukke i Haddal

Ein person omkom og to personar vart alvorleg skadd i trafikkulukka i Haddal onsdag ettermiddag.

Naudetatane er på staden etter ei trafikkulukke i Haddal onsdag ettermiddag. Ulukka blir karakterisert som alvorleg av politiet. Fleire personar blir sende til sjukehus med luftambulanse.   Foto: Jorulf Myrene

Nyhende

Oppdatering klokka 21:33:

Politiet melder via Twitter at ein person omkom og to personar vart alvorleg skadde i ulukka. Den fjerde personen som var involvert i trafikkulukka skal vere uskadd. Dei pårørande er varsla. Politiet opplyser vidare at det pågår åstadsgransking på ulukkesstaden og at vegen difor vil vere stengt ei god stund framover.

Oppdatering klokka 19:55:

Operasjonsleiar i politiet, Arild Reite, seier vegen kjem til å vere stengd ei god stund framover. Årsaka er at både krimteknikarar frå politiet og ulukkesgruppa frå Statens vegvesen skal gjere undersøkingar på ulukkesstaden. Personbilar blir dirigerte om gamlevegen i Haddal. Tyngre køyretøy må anten vente eller køyre om Ørsta/Festøya-Solavågen.

Politiet melder onsdag ettermiddag om ei trafikkulukke i Haddal. Skadeomfanget er ikkje kjent, men politiet skriv på Twitter at det er to bilar involvert i ulukka og at det ser ut til å vere ei alvorleg ulukke. Det var to køyretøy involvert, men ikkje klart kor mange personar som var i køyretøya.

Naudetatane har rykka ut med store mannskap og det er også luftambulanse på plass ved ulukkesstaden. Ulukka har skjedd like etter krysset mellom fylkesveg 61 og Haddalvegen.

Fleire personar er fastklemt etter ulukka og det blir arbeidd med å få desse lause. NRK skriv at det var fire personar i dei to bilane.

Politiet har kome med ei oppdatering der dei fortel at fleire personar har blitt henta ut av bilane og blir sende til sjukehus. Tilstanden til desse er ikkje avklara på noverande tidspunkt.

Luftambulansen er på plass etter ulukka i Haddal.   Foto: Jorulf Myrene

Omkøyring gjennom Haddal for personbilar

Ifølgje Vegtrafikksentralen vil det vere mogleg med omkøyring for mindre bilar på gamlevegen gjennom Haddal, men for større køyretøy vil omkøyring gå over Festøy-Solavåg og vidare til Sulesund-Hareid.

Vegen er stengd ved ulukkesstaden og det er usikkert når hovudvegen vil verte opna for trafikk. Ifølgje politiet på staden vil hovudvegen truleg vere stengt i lengre tid, då ulukkeskommisjonen skal undersøke området.

  Foto: Jorulf Myrene