Brask og bram - last og brast

Nyhende

Vi har to uttrykk som liknar kvarandre, og som dei fleste forstår utan heilt å kunne forklare opphavet. Kvar kjem ordet BRAM ifrå – og kva samanhengar er det mellom LAST og BRAST? Når noko skjer med ”brask og bram”, forstår vi at det skjer på ein kontant, støyande og overmodig måte. I følgje den nynorske etymologiboka er brask noko buldrande som kjem fort på. I tale er brask ”støyande skryt”. I engelske dialektar er BRASH eit ”brått utbrot”.