Klart for digital nyttårskonferanse

Tore Roppen (til høgre), her saman med Sigbjørn Nordstrand, er ein av innleggshaldarane under årets Nyttårskonferanse. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

Onsdag arrangerer Møre og Romsdal fylkeskommune den årlege Nyttårskonferansen. I år blir konferansen gjennomført digitalt og det er dermed råd å følgje med for alle som er interesserte. Møre og Romsdal fylkeskommune vil legge ut lenke til streaming av konferansen på sine nettsider onsdag morgon.

– Vi skal sjå på tre viktige problemstillingar denne dagen. Samarbeid mellom privat og offentleg sektor, berekraftfylket Møre og Romsdal og kva for lærdom offentleg sektor tar med seg frå pandemien, seier fylkesordførar Tove- Lise Torve til fylket sine nettsider.

programmet denne dagen står mellom anna eit innlegg frå Tore Roppen. Han er utviklingsdirektør i verksemda Prodtex og skal fortelje om deira erfaring med samarbeid mellom offentleg og privat sektor i anbodsprosessen.

– Eg ser fram til å kunne ønske velkommen til konferansen. Det er sett saman eit spennande program, og eg veit at denne møteplassen har stor nytteverdi for alle som er opptatt av å utvikle Møre og Romsdal til det beste for oss som bor her, fortel fylkesordførar Torve.