Med på spanande bølgjekraftsatsing

Ulstein Betong Marine har produsert flytemoloen som dannar grunnlaget for testing av ein heilt ny type bølgjekraftverk – like ved Atlanterhavsparken.

Bølgjekraft: Slik ser ein føre seg ein flytemolo lik den som skal plasserast ut like ved Atlanterhavsparken.   Foto: Marina Solutions.

Nyhende

Det var i november at det blei kjent at den mangeårige samarbeidspartnaren til Ulstein Betong Marine, Ørsta-verksemda Marina Solutions, hadde fått løyve av Kystverket til ei mellombels utplassering av eit testanlegg for bølgjekraft.