Vegprioritering

Prioriterer mjuke trafikantar

Hanne Notøy fekk gjennomslag for forslaget sitt om å setje gang- og sykkelsti mellom Garnes og Dragsund på topp.

Ulstein formannskap: Det vart ein lang diskusjon i formannskapet før dei samla seg om framlegget frå Notøy om å prioritere dei mjuke trafikantane. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Det vart ein lang diskusjon i Ulstein formannskap då dei diskuterte kva vegprosjekt dei til be fylket prioritere i Ulstein kommune. Dei var samde om at det var vegkryss og strekningar det skulle vore gjort noko med. Men fylket har bede dei gjere ei prioritering, og setje opp ei liste på fem punkt.