Elisabeth, sonen William (7 mnd.) og søstera Regine var involvert i ulukka i Botnensvingen:

- Dette kunne enda mykje verre – no må noko skje

Elisabeth, Regine og William skulle på middagsbesøk til foreldre og besteforeldre i Botnen – då bilen deira blei påkøyrd bakfrå av ein annan bil. – Farta på dette vegstrekket må ned, no må fylket gjere noko. Dette var veldig skummelt, seier Elisabeth.

Ber om at noko blir gjort: Dagen etter trafikkulukka i Botnen var May-Britt Garnes (f.v.) sjeleglad for at verken barnebarnet William på 7 månadar eller døtrene Elisabeth og Regine (t.h.) blei skadd. Trafikkulukka fann stad like bak dei på bildet. No ber dei nok ein gong fylkeskommunen om å gjere noko med fartsgrensa på denne vegstrekninga. - Det er uhaldbart slik det er i dag, seier dei til Vikebladet Vestposten.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

I årevis har bebuarane i Botnen kjempa for å få ned fartsgrensa på fylkesvegen der. Fredag skjedde det nok ei trafikkulukke i den ulukkesutsette Botnensvingen, der tre bilar var involvert – og seks personar blei sende til legevakta i Ulsteinvik. Heldigvis gjekk ingen liv tapt.