Kvinneprisen 2021 gjekk til Tødenes

Ann-Ingvill Tødenes fekk takk for at ho har bidrege i lokalsamfunnet til å byggje ned barrierar mellom menneske.

Glad prisvinnar: Ann-Ingvill Tødenes vann Kvinneprisen, som vart delt ut av Hallgerd Conradi og Marit Aarsheim Steinnes. Prisen er ein «vandrepokal» laga av Kristine Hareide, som første gongen vart delt ut til Marie Lovise Widnes i 2000.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Årets 8. mars-arrangement var det Amnestygruppene i Hareid og Ulstein som stod for. Dei hadde lenge håpt å få til samlinga på Sunnmøre Folkehøgskule, slik tradisjonen er. Men av smittevernomsyn vart samlinga gjennomført digitalt, med innspeling på Ulstein bibliotek.