Bryllaup i Aarvak

– 1. april er vår dato

Brura vart ikkje lura, sjølv om Ida Nilsen og Per Espen Valderhaug gifta seg om bord i den gamle ishavsskuta Aarvak nettopp 1. april, skjærtorsdag.
Nyhende

– Bestefaren min arbeidde på selskute i si tid. Eg ville heidre han, fortel Ida til Vikebladet Vestposten som forklaring på kvifor dei valde å gifte seg i Aarvak. Ho legg til at både ho og Per Espen er sjøfolk. Til sommaren er ho utdanna styrmann, og han jobbar på rigg. Så lokalet for vigsla passa bra.