- Pålegg deg sjølv karantene om du har symptom

Nyhende

Onsdag vart det påvist smitte på to innbyggjarar i Hareid og ein i Ulstein. Ordførarane vil oppmode innbyggjarane om å ta smittevern på alvor, så ikkje smitta spreier seg. Det er viktig no at folk følgjer dei nasjonale retningslinene for smittevern, som ha å halde avstand, vaske hender og halde seg heime om ein er sjuk.