Tryggheim barnehage ønskjer å byggje nytt i Holsekerdalen

Tryggheim barnehage i Ulsteinvik ønskjer å føre opp ein ny og større barnehage som også rommar forsamlingssal.

Tryggheim barnehage: I over førti år har Tryggheim Barnehage halde til i desse lokala. No ønskjer dei å byggje nytt og større, nærare sentrum. Då kan dei små beina gå på besøk til både sjukeheimen og omsorgsbustadene. Den nye tomta ligg gunstig til for sol og skjerma for trafikkstøy. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Steinar Dimmen, leiar i styret, fortel til Vikebladet Vestposten at dei har vore i kontakt med kommunalsjef teknisk og oppvekstsjef i Ulstein kommune om at dei ønskjer å føre opp ein ny barnehagen i Ulsteinvik. Eksisterande barnehage har vore i drift i over 40 år, og dei tenkjer at tida er moden for å byggje nytt.