Årsaka er ikkje klar

Politiet held fram med etterforskinga, etter at ein gut i tenåra vart send til St. Olavs hospital i Trondheim etter ei trafikkulukke i Ulsteinvik natt til søndag.

luftambulansen: Ulukka skjedde i Sjøgata, like ved området der Kongsberg Maritime held til. Foto: Tipsar 

Det er for tidleg å konkludere med kva som var årsaka til kollisjonen

Hilde Aglen, lensmann i Ulstein og Hareid
Nyhende

Guten fekk alvorlege skadar. Søndag ettermiddag opplyste politiet at tilstanden hans var alvorleg, men stabil.