Vil samordne feiringa

Det vart annleis feiring av nasjonaldagen mange stader i fjor. Dette er bildet er frå Hjørungavåg.  Foto: Trine Pilskog

Nyhende

Det er framleis uvisst korleis feiringa av årets 17. mai blir. Men mykje tyder på at det i år som i fjor blir ei feiring prega av smitteverntiltak.

Hareid kommune inviterer no frivillige lag og organisasjonar til eit møte, for å samordne feiringa av nasjonaldagen.

- Her kan representantar for 17. mai-komiteane, korps, idrettslag og andre få stille spørsmål til kommunen om dagen, skriv Hareid kommune på nettsida si.

Det blir eit digitalt møte onsdag 14. april. Frå kommunen skal ordførar, varaordførar, kulturkonsulent og kommunikasjonsansvarleg vere med.