Ulsteinvik i 1962

Ulsteinvik i 1962 

Nyhende

Ulsteinvik i 1962: Dette bildet er utlånt av Herleif Saunes, og Svein Lidvar Brandal har hjelpt til med å namngje bygningar og årstal. I dag går Sjøgata ute i sjøen der buene tidlegare låg. Frå venstre ser vi litt av «Pusbuda», som vart riven i 1963. Deretter følgjer Joakimbuda, som brann ned natt til 3. mai 1970, og Bakkebuda. Lengst til høgre kan vi skimte eit høgt, lysegult hus. Det er Sjøborg, som vart rive i 1974. Deler av ferjekaia, som vart bygd i 1954, er også med på bildet. I bakgrunnen ser vi Naustneset med litt av «Korea», eit av dei første verkstadbygga på gamle UMV, og nokre båtar ved slippen nedanfor. Men der er ingen kraner. Fotografen (ukjend) har truleg stått i 2. etasje til Leiv Dimmen AS i Bøsvingen. Kven den syklande personen er, har vi ikkje klart å finne ut.