Tunnelen opna igjen etter forbikøyringsulukke - fire personar frakta til legevakt

Det danna seg raskt lang kø på Eiksund-sida av Eiksundtunnelen etter at raudblinken blei slått på. To bilar var involvert i ei trafikkulukke i tunnelen - fordi den eine bilen prøvde å køyre forbi den andre. Begge måtte hentast av bergingsbil - og dei i alt fire personane i bilane blei frakta til legevakt med ambulanse for ein sjekk.  Foto: Bjørn Gray.

Nyhende

Ifølgje folk på staden byrja det å blinke raudt ved inngangen til Eiksundtunnelen på Eiksund-sida like etter klokka 21 onsdag kveld - og det byrja raskt å danne seg kø.