Køyrde seg fast på veg mot Hasundhornet

Hit, men ikkje lenger: Ein bil har køyrd seg fast på veg opp mot Hasundhornet.  Foto: Tipsar

Nyhende

Om målet var å kome seg heilt opp på Hasundhornet er uvisst, men halvvegs opp mot det populære turmålet har sjåføren truleg bestemt seg for å gjere vendereis. Bilen står no fast i myra ved sida av turvegen.