Frå og med september 2020 var ikkje Tore Ulstein lenger visekonsernsjef i Ulstein Group eller administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions. Men – han heldt fram i styreverva sine – og jobbar no for familiekonsernet i ei anna rolle. Det gjer også søstera Gunvor Ulstein, som same hausten gjekk av som konsernsjef i Ulstein Group. – Vi byrja begge å kome i ein alder der det var greitt å gjere eit skifte over til ei meir tydeleg strategisk eigarrolle, seier Tore Ulstein. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

– Godt å kunne jobbe med lengre horisontar

1. september 2020 var ikkje Tore Ulstein (53) lenger ein del av den daglege drifta i familiekonsernet – men han lever og andar framleis for Ulstein Group, lokalsamfunnet – og innovasjon. I dette intervjuet fortel han om overgangen – og kva han tenkjer om tida framover.