Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal:

Vurderer å setje ned hurtigbåtprisane

Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal vil at det blir lagt fram ei sak der ein vurderer å setje ned takstane på hurtigbåtar - og kva konsekvensar dette vil ha for fylkeskommunen sin økonomi. Her ser ein hurtigbåten MS Godøy, som går i sambandet Hareid - Valderøya - Ålesund.  Foto: Arkiv.

Nyhende

Til Vikebladet Vestposten fortel Anders Riise, gruppeleiar i Møre og Romsdal Høgre og medlem av samferdselsutvalet i fylket - at utvalet onsdag kom fram til eit vedtak som gjeld hurtigbåtrutene dei rår over. Eit vedtak basert på eit framlegg frå nettopp Anders Riise.