Smak av Ulstein:

Gler seg til å gje publikum ein liten smakebit av opera

Ekteparet Stepanie Lippert og Hallvar Djupvik skal synge opera i alle kommunane i Møre og Romsdal. Fredag denne veka er turen komen til Ulstein.

Hallvar Djupvik og Stephanie Lippert møtte kvarandre då dei begge studerte på Operakademiet i København. Fredag skal dei framføre ein miniopera både på Alvehaugen og på Sjøborg. Arkivfoto: Olav Skjegstad, Romsdals Budstikke 

Vi kjenner oss velkomne i fylket og gler oss til å synge for publikum

Stepanie Lippert
Nyhende

– Vi kjenner oss veldig velkomne her i fylket og gler oss til å synge for publikum, seier Lippert til Vikebladet Vestposten.