Vil skape liv og røre i Hareid sentrum kvar laurdag

I staden for arrangere Opplev Hareid over ei helg, vil det vere noko som skjer i Hareid sentrum kvar laurdag, gjennom heile sommaren.

Folkeliv: Ved å få noko til å skje i Hareid kvar laurdag, ut sommaren, vil Julie Sundgot Andersen og Christine Riise Øvrelid trekke folk til Hareid sentrum. Arkvifoto frå Musikklaget Melshorn spelte i Kjøpmannsgata sist sommar. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. 

Nyhende

– Kvar gong du er på Hareid, så opplever du Hareid, seier Julie Sundgot Andersen, prosjektleiar i Vekst i Hareid. I samråd med butikkane, næringsforeininga og kommunen har dei kome fram til at det er betre å skape aktivitetar kvar laurdag, gjennom utover sommaren. Det vil vere hendingar som at eit korps speler, eit kor syng eller ein trubadur opptrer. Butikkane vil bidra med gode tilbod, og kanskje ta med seg butikkane sine ut i gata, om vêret tillèt det.