Send inn dine finaste jonsok-bilete

Det er vanleg å brenne bål jonsokaftan, også kalla Sankthansaftan.   Foto: Linda Eikrem

Nyhende

I kveld er det jonsokfeiring i mange grender.



Jonsokbål skal tennast, det skal etast rjomegraut og grillast pølser. Kanskje det også blir nokre jonsokbrurepar?



Det er triveleg om lesarane våre vil sende inn fotografi frå si jonsokfeiring. Så vil vikebladet.no lage ein biletkavalkade over bileta som kjem inn. Send til redaksjon@vikebladet.no

Pass på å få løyve av dei du sender inn bilete av. Det er meldt opplett fram til i åtte-tida i kveld, relativt vindstilt og gradestokken viser tosifra tal på varmegradar, så det kan bli ein flott kveld.


Jonsokbileta strøymer inn

Det ser ut til at mange av lesarane våre har ei fin jonsokfeiring.


Namnet Jonsok kjem av det norrøne jónsvaka, av Jon, som er ei forkorting av Johannes. St. Hans er ei forkorting av Sankt Johannes' dag.