Bjørn André Pilskog frå Hareid har vore med på fleire Hollywoodfilmar:

– Det er ei fin avveksling frå kvardagen

Om du følgjer med på rulleteksten på Black Widow, Mission Impossible – Fallout og fleire andre filmar og TV-produksjonar kan du sjå namnet til Bjørn André Pilskog dukke opp.

Preikestolen: Det vart mykje jobbing på Bjørn André Pilskog på Mission Impossible. Han frakta ein del opp på Preikestolen, og han var med på filminga. På dette biletet sit han i det oransje helikopteret som er opptatt med filming.   Foto: privat

Nyhende

Bjørn André Pilskog fortel at han tidleg bestemte seg for å bli helikopterpilot. Ei motorsykkelulukke i ungdomen gjorde at det tok litt lenger tid enn planlagt å nå draumen, men i 1999 var han 30 år og ferdig utdanna helikopterpilot.