Gudmund Gryt syklar til skulen kvar dag

– Eg bruker 5–6 minutt

Gudmund Gryt (snart 11 år) nådde målet sitt om å kome seg frå heimen i Geilane til Bigset skule på eigne bein gjennom heile skuleåret. Premien var ein tre-retters-middag.

På sykkel: Sjølv om Gudmund Gryt har sykla mykje gjennom skuleåret er han på ingen måte lei av å sykle. Han syklar gjerne for å kome seg til kameratane sine eller andre stader. No er han snart klar for eit nytt skuleår, også gjennom sjetteklasse vil han sykle. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

I regn og vind, snø og is og i solskin har Gudmund Gryt tatt seg fram på eigne bein til og frå skulen. På spørsmål om han nokon gong angra og fekk lyst til å bli køyrd til skulen, svarer han blankt nei.