Tre personar i karantene

Tre personar er i karantene i Ulstein som følgje av smitteutbrotet i Ørsta og Volda.   Foto: Linda EIkrem

Nyhende

Denne veka er Volda og Ørsta gjennom eit større utbrot av koronasmitte. I løpet av onsdag kveld og torsdag morgon hadde dei to kommunane registrert 16 nye smittetilfelle.

I Ulstein og Hareid er det ikkje meldt om nye smittetilfelle denne veka, men Ulstein kommune melder at det er tre personar i kommunen i karantene. Dette har samband med utbrotet i Volda/Ørsta.

I Ulstein kommune er det no 5151 personar som har fått første dose av koronavaksinen, medan 2251 har fått den andre. Ifølgje kommunen har alle med bustadadresse i Ulstein fått SMS med innkalling. I ei oppdatering skriv kommunen at dei har oversikt med kven som opnar, les og svarar på SMS-ane med tilbod om vaksinering og at kommunen ønskjer snarast mogleg svar frå dei som så langt ikkje har svart.

Kommunen skriv også at dei får mange vaksinar i veke 31 og 32 og at ein då vil prioritere tilsette i barnehagar og skular, slik at flest mogleg av desse skal bli fullvaksinerte så snart som råd.