Hurtigtesting av festivaldeltakarane – ber om at dei er på plass til rett tid

Nyhende

Minifestivalen Langerysta Sommarfestival starta fredag og held fram med nye konsertar laurdag. Grunna aukande koronasmitte fleire stadar på Sunnmøre måtte festivalarrangørane fredag kaste seg rundt for å få på plass hurtigtesting av dei deltakarane som ikkje hadde koronasertifikat.


Det blir festival på Bigset - men kommunen stiller med hurtigtesting

I staden for å avlyse Langerysta Sommarfestival, stiller Hareid kommune med hurtigtestar for å senke smitterisikoen til eit akseptabelt nivå. Det etter det store smitteutbrotet i Ørsta og Volda dei siste dagane.


Fredag stilte Hareid kommune med utstyr for hurtigtesting, og personell frå både kommunen og Røde Kors stod for testinga på festivalområdet.



Hurtigtesting: Deltakarane på Langerysta sommarfestival som ikkje har koronasertifikat må gjennom hurtigtesting før dei får sleppe inn på området. Dermed må dei også vere på plass i tidsrommet der festivalen har testmoglegheitter.  

Testing blir det også laurdag og arrangørane ber difor dei som skal ta del under festivalen om å vere på plass på festivalområdet til rett tid. Det blir gjennomført testing frå 18.00 til 20.00. Etter dette er det berre dei som kan vise koronasertifikat som får kome inn på området.