Smitteutbrotet:

Innfører ikkje lokale koronatiltak i Ørsta og Volda

Ørsta og Volda vil ikkje innføre lokale koronatiltak etter smitteutbrotet.

Smitteutbrot: Totalt 125 personar i Ørsta og Volda har testa positivt for koronaviruset den siste veka.  Foto: Illustrasjon/Møre-Nytt/Svein Nordal.

Nyhende

Totalt 125 personar i kommunane har testa positivt for koronaviruset den siste veka, seier ordførar i Ørsta kommune, Stein Aam (Sp), på ein pressekonferanse.