Veteranmøte på Valderhaugfjorden

Det kom eit mørkt og håst svar då ishavsskuta «Polarstar» sist mandag ønskte D/S «Hestmanden» velkomen til Valderhaugfjorden med sin noko spinklare fløytelyd.

Frivillige: Rolf Garshol (f.v.) var kokk på turen. Her saman med maskinist Gunnar Liaset, som har jobba 43-år i Rieber, reiar Willy Nesset og maskinist Oddvar Bigset. – Dei frivillige gjer ein kjempeinnsats, kommenterer Nesset. 

Nyhende

D/S «Hestmanden» er ute på seglas langs Norskekysten, heilt til Kirkenes. Den ruvande, gråmala fraktebåten er 110 år gammal, og har blant mykje anna vore gjennom to verdskrigar i konvoifart. Båten er restaurert for 140 millionar kroner, 80 millionar av dei frå Riksantikvaren - og skuta er i dag eit museumsskip, administert av Vestagdermuseet.