Over ein million kroner i Grasrotmidlar til Hareid og Ulstein, desse har fått

Hareid IL, her representert ved A-laget i kamp mot Rollon, er den største mottakaren av grasrotmidlar i Hareid  Foto: Andreas S. Bjerknes

Nyhende

Lag og organisasjonar i Hareid og Ulstein har hittil i år fått tildelt over ein million kroner i Grasrotmidlar frå Norsk Tipping. Grasrotandelen er ei ordning der tipparane sjølve er med på å bestemme kven som skal ta imot delar av Norsk Tipping sitt overskot. Sju prosent av speleinnsatsen går til ein valt mottakar.