Brua er snart 70 år - meiner ho kan stå i minst 30 år til

I 1953 blei Dragsundbrua - som knyt saman store delar av Ytre Søre Sunnmøre - opna. Reint teknisk er det ingen grunn til at brua ikkje skal kunne stå til 100-årsjubileumet i 2053, skriv Vestlandsnytt.

Tilårskomen: For snart 70 år sidan blei den høge og smale Dragsundbrua opna. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner brua vil kunne stå minst til ho er 100 år - i 2053.  Foto: Linda Eikrem/arkiv.

Nyhende

Lokalavisa for Herøy og Sande, Vestlandsnytt (ekstern lenkje), skriv at 70-årsjubileet for Dragsundbrua nærmar seg. Avisa har snakka med bru- og kaiforvaltar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ingrid Anne Lervik – og ho meiner den tekniske tilstanden til brua som markerer skiljet mellom kommunane Ulstein og Herøy er trygg.