– Eg håper eg har inspirert elevane til å dyrke nysgjerrigheita si

May-Britt Moser fortalde engasjert om forskinga si. Det var tydeleg at ho brenn for det ho held på med.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Fredag besøkte Nobelprisvinnar May-Britt Moser Ulstein vidaregåande skule, som ledd i feiringa av 50-årsjubilanten. Rektor Margaret Alme sa at dette arrangementet har vore planlagt i to år, så det har vore litt spenning gjennom pandemien korleis dette ville gå.