Usemje om kven som skal ta straumrekninga

"Polarstar" betaler ein symbolsk sum i kaileige, men kven skal betale for straumen, er det kommunen eller "Polarstar"?  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

Verneverdige "Polarstar" har hatt ei kaileige på ei krone i året for kaiplassen i Hareid, men inkluderer dette også straumforbruket? Det er ikkje stiftinga "Polarstar" og Hareid kommune heilt einige om, og Hareid formannskap skal i møtet måndag ta stilling om korleis denne saka skal løysast.